Finanskrisa har auka fokuset på kva ressurskjelder dei nasjonale økonomiane har. I aukande grad tek ein no til ordet, og i den rikare delen av verda, for at skatte og avgiftspolitikken er ei viktig ressurskjelde i den nasjonale økonomien. Samstundes forsvinn store mengder pengar ut av utviklingsland sine offentlege budsjett på grunn av skatteundraging, avansert skatteplanlegging og internprising i multinasjonale selskap. Andre former for illegale kapitalstraumar påverkar og den offentleg økonomien negativt. Mangel på kapasitet i fattigare land, globale reglar som ikkje på ein god nok måte greier å spegle behova i utviklingsland, og den globale finansielle skuggeøkonomien er saman eit stort utviklingshinder. Kvart år går det over ti gonger så mykje pengar ut av utviklingsland i form av kapitalflukt enn det kjem inn i form av ofisiell bistand.
Dette er tal frå kapitalfluktutvalt sin rapport, initiert av norske myndigheiter i 2009. (NOU 2009: 19). Under årsmøtene til Verdsbanken og IMF hadde norske myndigheiter eit sidearrangement for å setje fokus på skatteparadis og den rolla dei har for utviklingsland.
Arrangementet under Årsmøta kan sjåast i samanheng med rapporten og det auka engasjementet norske myndigheiter har vist på området.
I panelet som skulle diskutere tematikken satt representantar frå norske, tyske og spanske myndigheiter, australske Jeffrey Owens, leiar for Centre for Tax Policy & Administration i OECD, direktøren for Public Sector Governance i Verdsbanken, samt Raymond Baker, leiar i Global Financial Integrity som er basert i Washington DC.
Generellt har det den siste tida, i samband med finanskrisa, vore eit aukande fokus på skatteparadis óg i rikare land, og panelistane er alle aktive på området.
Skatteparadis på EU sin agenda
Den spanske representanten indikerte at Spania kjem til å sette problema kring skatteparadis, kapitalflukt og dei negative konsekvensane dette har for utviklingsland, høgt på sin agenda under sitt EU-presidentskap i 2010. I denne samanhengen ynskja han norske myndigheiter velkomen til Madrid for å diskutere vidare framgangsmåte og samarbeid. Den tyske representanten sa på si side at “countries which have been able to mobilise domestic resources more efficiently have fared better than those which rely on volatile external finance”.
Informasjon eit problem seier OECD
OECDs Owens og Verdensbanken sin representant var dei litt mer tilbakeholdande medlemane av panelet. Begge tok til ein viss grad innover seg problema knytt til skatteparadis, men kritiserte og løysingsforslag som til dømes automatisk informasjonsutveksling og land for land rapportering (les meir om land for land rapportering på Attac sine sider). Dei såg det som eit problem at informasjon automatisk og fritt skal flyte rundt (!).
Verdsbankens initiativ: Plastre eller forebygge?
Representanten frå Verdsbanken peika og på deira eksisterande program STAR-initiativ (stolen asset recovery initiative) som eit eksisterande alternativ ein burde fokusere meir på. Initiativet tek sikte på å sikre at stolne verdiar frå utviklingsland, særleg frå korrupsjon, blir returnert til deira rettmessige eigarar. Det gjer derimot lite for å hindre dei strukturane som mogleggjer at kapitalen faktisk strøymar ut av utviklingsland.
At saka i det heile vert diskutert av fleire europeiske myndigheiter er ein framgang i seg sjølv, men det er framleis mange interesser og store krefter som strittar imot. Baker frå Global Financial Integrity si store oppfordring til dei andre panelistane var å få tematikken opp på eit høgare nivå og gjerne få det på dagsorden i neste møte i Verdsbankens Development Commitee.
\"It doesn't matter where the money flows through\"
At det framleis er mange utfordringar på området innad i Verdsbanken kom og tydeleg fram på IFC (International Finance Corporation) sitt konsultasjonsforum med sivilsamfunnsorganisasjonar under Årsmøta. IFC finansierar og gir råd til invisteringar i privat sektor og prosjekt i utviklingsland. Her vart det stilt spørsmål om kva fondet gjorde i forhold til sine investeringar igjennom selskap etablert i skatteparadis, og slik unngår og betale skatt i utviklingslanda og bidreg til kapitalflukt. Svaret ein fekk var “It doesn’t matter where the money flows trough”.
Utviklingsmandat forplikter
Kapitalfluktutvalets rapport konkluderer med at Norfund, som er Noreg sitt svar på IFC, burde opprette etiske retningslinjer for val av investeringsstad. Dette inneber at fondet over ein periode på tre år sluttar å investere gjennom skatteparadis. Ut ifrå Norfund si eiga målsetting knytt til å bidra med verdiskaping og skatteinntekter i utviklingsland, meinte også utvalet at avkastning før skatt må vere eit viktigare mål enn avkasting etter skatt. Norfund skal slik sett ikkje drive med skatteminimering. Detter burde heilt klart og vere eit krav til IFC som og er drevet med eit tilsvarande utviklingsmandat.
Les meir om kapitalfluktutvalets rapport her