18.01.2019
Bistandsorganisasjonane om ny regjeringsplattform: – Bra for menneskerettar, dårleg for klima
Framtida.no, 18.01.19
Bistandsorganisasjonane har både ris og ros å kome med til den nye regjeringa. Regjeringa må legge vanskelege dilemma på bordet for å klare å nå berekraftmåla før 2030. Det meiner Borghild Tønnessen-Krokan, dagleg leiar for Forum for utvikling og miljø.
– Det er eit kjent paradoks at Norge for eksempel satsar på olje og samtidig bekymrar seg for farlege klimaendringar. Og eksporterar militærmateriell til land som krigar i Jemen, samstundes som me driv humanitær bistand for å motverke dei verste konsekvensane av den same krigen.