Intervju: ForUM om ny berekraftsplan: – For lite for seint

Framtida, 24.06.21

Les saken her

I går lanserte regjeringa ein ny berekraftsplan. Forum for utvikling og miljø meiner planen kjem for seint og er for lite ambisiøs.

– Vi står overfor ei alvorleg klima-, natur- og ulikskapskrise, og har få år på å nå FN sine ambisiøse mål. Vi forventa ein plan som ville ta Noreg i ei ny og berekraftig retning, men denne planen stakar dessverre ikkje ut nokon ny kurs for Noreg.

Det uttalar dagleg leiar i Forum for utvikling og miljø (ForUM) Kathrine Sund-Henriksen i ei pressemelding. Regjeringa lanserte onsdag ein handlingsplan for kva Noreg skal gjere for å bidra til at FN sine berekraftsmål blir nådd innan 2030