Etter to digitale utgåver samla FNs medlemsland seg på hovudkvarteret i New York for å gjere opp status for berekraftsmåla. Mål 4 om utdanning, mål 5 om likestilling, mål 14 om livet på land og mål 15 om livet under vatn var oppe til gjennomgang. I tillegg vart mål 17 om partnarskap for å nå måla vurdert.
Overlappande kriser som forsterkar kvarandre er det gjennomgåande temaet for alle berekraftsmåla. Born har gått glipp av undervisning, kjønnsbasert vald har auka under pandemien, og motstanden mot likestilling er større enn tidlegare. Natur går tapt i stor skala, og verdas hav er truga av forsøpling, forureining og overfiske. Finansielle kriser gjer det også svært vanskeleg å skaffe ressursane som trengs til å fikse problema.
Norsk støtte til ny internasjonal finansieringskonferanse
Finansiering for å nå dei 17 berekraftsmåla var eit gjennomgåande tema på møtet. Mange land er bekymra for at ein ikkje klarar å skaffe midlane som trengs for å sørge for utdanning, helse og mat til alle. Dyrtid, inflasjon og fare for gjeldskriser i mange land er faktorar som gjer problemet større enn tidlegare.
Mange land slit med skyhøg gjeld og fleire av desse landa brukar ein større del av budsjettet sitt på gjeldskostnadar enn på grunnleggande tenester som utdanning og helse. Samtidig veit ein at enorme summar forsvinn ut av utviklingsland grunna ulovleg kapitalflukt og illegitime finansstraumar. Mange fryktar også at mindre pengar vil bli gitt som bistand i åra som kjem og at forpliktingane innan klimafinansiering ikkje vert nådd.
I innlegget til Noreg vart alvoret i situasjonen understreka og behovet for ein ny giv i finansieringsprosessane peika på. Noreg tok til orde for sterkare insentiv for private kreditorar til å delta i restrukturering av gjeld. I tillegg kom det støtte til ein ny internasjonal konferanse for utviklingsfinansiering, som kan bli vedtatt under FNs generalforsamling i haust.
“The tourists are back at the UN, but civil society is not”
Slik skildra Selamawite Tesfaye i International Planned Parenthood Federation (IPPF), med glimt i auge, situasjonen for sivilsamfunn i møte med statssekretær Bjørg Sandkjær. Sandkjær leia den norske delegasjonen til HLPF og nytta høvet til å få ei oppdatering om situasjonen for sivilsamfunn, og korleis sivilsamfunn deltek på HLPF frå representantar frå internasjonalt sivilsamfunn.
Pandemien har framleis konsekvensar for deltaking for sivilsamfunnet, og fleire praktiske barrierar hindrar viktige stemmer frå sivilsamfunnet i å delta.
Oli Henman, koordinator i sivilsamfunnets involveringsmekanisme (NGO Major Group), oppfordra statssekretæren om å støtte #UNmute civil society-kampanjen, som jobbar for å betre involvering av sivilsamfunn i FN-prosessar. Blant krava i kampanjen er å utnytte digitale verktøy for å auke deltakinga og at FN bør opprette ein eigen spesialobservatør som skal sikre god involvering. Å oppretthalde økonomisk støtte til sivilsamfunn vart også trekt fram som viktig for å sikre vidare deltaking.
På møtet var blant andre representantar frå International Planned Parenthood Federation og LGBTQI Stakeholder Group. Kvinner og skeive opplev angrep frå anti-gender-rørsla både nasjonalt, men også i FN. Få skeive organisasjonar har tilgang til FN-prosessar, særleg frå det globale sør. Under HLPF var det svært få land som nemnte LHBGTQI+-personar sine rettar og den aukande undertrykkinga i fleire land. Det er også tilbake tilbakeslag innan seksuelle og reproduktive rettar i mange land.
Framleis håp for 2030
Til trass for eit svært dystert bakteppe var det fleire som såg moglegheitene for framgang. Krisene vi står har løysingar – slaget står om vi evnar å sette i verk tiltak. Mot slutten av HLPF vart ministererklæringa godkjent av alle medlemsland. I ein spent situasjon internasjonalt var det diverre lite rom for nye tiltak for å nå måla innan 2030 i erklæringa, og dokumentet vart i stor grad ei samling av tidlegare framforhandla einigheiter. Det var likevel eit letta sukk som gjekk gjennom hovudkvarteret til FN då det vart kjent at medlemslanda trass alt klarte å bli einige om vegen vidare.
Diverre var det langt frå alle som var nøgde med utfallet. I sesjonen der ministererklæringa vart vedtatt heldt Noreg, saman med ei rekke andre land, eit felles innlegg der dei uttrykte frustrasjon over unaudsynt vanskelege forhandlingar om kapittelet om likestilling. I tillegg var klima og utanlandsk okkupasjon blant dei vanskelege sakene i forhandlingane.
I 2023 vert SDG Summit arrangert, og vi er halvvegs i perioden til FN sine 17 berekraftsmål. For å få framgang innan den tid, trengs det ein stor gjennomgang av korleis vi ligg an og kva som manglar for å nå måla. Fleire hevdar at det framleis er mogleg å nå måla innan 2030, men då må vi endre kurs drastisk og raskt.
Skrevet av: