06.10.2022
Regjeringa får bistandskritikk: – Verda brenn og Noreg håvar inn
Framtida, 06.10.2022
Regjeringa vil bruke 0,75 prosent på bistand i statsbudsjettet. Organisasjonar meiner regjeringa svik dei fattige i verda.
– Å oppretthalde målet om å gje 1 prosent av vår BNI til bistand har nesten ingen effekt på norsk økonomi. Det er totalt uforståeleg å sjå at regjeringa brukar argument om inflasjon i Noreg til å gå bort frå politikken om 1 prosent til bistand, seier dagleg leiar i ForUM Kathrine Sund-Henriksen i ei pressemelding.