Brev til verdas regjeringar om å støtte forslaget om skattekonvensjon i FN

Foto: UNGA, Patrick Gruban. Flickr.

Brev til verdas regjeringar om å støtte forslaget om skattekonvensjon i FN

I FNs generalforsamling sin andre komité pågår no forhandlingar om eit resolusjonsutkast om inkluderande og effektivt internasjonalt skattesamarbeid. ForUM har underskrive eit brev til verdas regjeringar der vi ber dei om å støtte forslaget om skattekonvensjon i FN.

I FNs generalforsamling sin andre komité pågår no forhandlingar om eit resolusjonsutkast om inkluderande og effektivt internasjonalt skattesamarbeid. I utkastet, som er fremma av gruppa beståande av afrikanske land, vert det foreslått å sette ned ein ad-hoc mellomstatleg komité, leia av FNs medlemsland. Denne gruppa skal utarbeidet grunnlaget for ein skattekonvensjon i FN.

Dette er ein historisk moglegheit til å stanse ulovleg kapitalflyt, og tette hola i internasjonale skattereglar som gjer at land tapar milliardar av dollar kvart einaste år til skatteparadis. Noreg har lenge vore leiande innan internasjonalt skattesamarbeid, men har enno ikkje vist støtte til forslaget. Saman med over 200 sivilsamfunnsorganisasjonar og fagforeiningar, har ForUM underskrive eit brev til verdas regjeringar der vi ber dei om å støtte forslaget om skattekonvensjon i FN.

Å stanse ulovleg kapitalflyt er eit av dei mest kraftfulle tiltaka for å mobilisere finansiering til utvikling og klimahandling. Resolusjonsutkastet som vert behandla no, er ein svært god moglegheit til å starte ein prosess mot ein juridisk bindande skattekonvensjon. Internasjonal skattetriksing er ein globalt problem, og vi treng ei forpliktande internasjonale avtale, framforhandla av alle FNs medlemsland, for å få bukt med problemet. FN er den naturlege staden å framforhandle ei slik avtale, og vi håpar at regjeringa vil vere tydelegare i tida framover for å få på plass ein skattekonvensjon i FN og at prosessen går så fort som mogleg.

Les heile brevet her.



For mer informasjon kontakt: