- Barn og unge skal bli høyrde og tatt på alvor

Jakob Sande Haugset, leiar i Barnas klimapanel.

- Barn og unge skal bli høyrde og tatt på alvor

Jakob Sande Haugset, leiar i Barnas klimapanel, meiner barn må bli høyrt i klimasaka. Hans beste minne frå å vere aktivist var å møte andre engasjerte ungdomar under klimatoppmøtet i Dubai.

Kva for eit tema jobbar du med?

Eg er leiar i barnas klimapanel, som tilhøyrer Miljøagentane. Vi kjemper for å få barn og unge si stemme høyrd i saker angåande klima, miljø og natur. Vår oppgåve er å vere eit talerøyr frå barn og unge til politikarar og andre beslutningstakarar.

Kva er di hjartesak og kvifor?

Mine hjartesaker er at barn og unge skal bli høyrt og tatt på alvor, og at klimakrisa må løysast på ein effektiv og rettferdig måte. Dette fordi barn ofte har eit anna syn på saker enn kva vaksne har, det kan bety mykje å få det inn i debatten. Klimakrisa er urettferdig, så det er vår plikt å løyse den, men òg å gjere verda meir rettferdig samtidig.

Kven er førebiletet ditt og kvifor?

Mitt førebilete er Penelope Lea. Ho har tidlegare vore leiar i Barnas klimapanel, og har lenge kjempa for at barn skal bli høyrt i klimasaka.

Kva er det beste minnet du har frå å vere aktivist?

Mitt beste minne som aktivist er frå klimatoppmøtet i Dubai COP28 då vi møtte andre engasjerte ungdomar frå ulike land i Afrika. Vi snakka saman og vart godt kjende. Det var kjempemotiverande og hyggeleg å møte ungdomar som jobbar med det same som oss, men det var sterkt å høyre om korleis klimaendringane rammar dei.

Korleis held du deg oppdatert?

Eg ser på nyheiter, debattar og les på nrk.no for å halde meg oppdatert. I tillegg får eg push-varslingar frå nrk.no.

Kva gjer du for å kople av? /Har du nokre tips til avkopling for travle aktivistar?

Mitt beste tips for å kople av i travle periodar er å gå ein kort eller lang tur, avhengig av kor god tid du har, medan du høyrer på ein podcast. Det brukar eg alltid å gjere når eg er stressa eller har mykje å gjere!


Relevante emner


Aktivisten

Ein aktivist er ein person som brenn for ei sak og som aktivt jobbar for endring. Aktivistar står opp for det dei trur på, og spelar ei viktig rolle i å gjere verda til ein betre stad. I ForUM-nettverket finst det mange aktivistar, og i denne spalta møter du nokre av desse eldsjelene.