Forum for utvikling og miljø, Natur og ungdom og magasinet Framtida samarbeider om ein skrivekonkurranse for unge.
Svar på éi av dei tre oppgåvene under:
- Noreg etter olja
Noreg har tent enorme summar på oljeutvinning som bidreg til klimakrisa, men har etter Parisavtalen forplikta seg til å kutta utsleppa. Skriv eit kåseri der du ser føre deg Noreg etter olja. Bruk humor og skråblikk til å få fram meiningane dine. Korleis ser Noreg ut? Kva jobbar vi med? - Korleis kan vi redde klimaet og samtidig ta vare på naturen?
Klimakrisen og naturkrisen er to av våre største utfordringar. I nokre tilfelle skadar løysingane på den eine utfordringa den andre. Skriv eit innlegg der du tek føre deg ei konkret sak der klima- og naturomsyn står i konflikt, til dømes utbygging av vindkraft eller skogbruk for bioenergi. Korleis kan vi finne balansen mellom å redde klimaet og ta vare på naturen? Kom med eigne forslag til korleis vi kan unngå å forsterke naturkrisa medan vi jobbar for ei grønare framtid. - Korleis kan Noreg redda klimaet?
Skriv eit meiningsinnlegg der du løfter den klimasaka du meiner norske politikarar bør ta tak i først. Kva bør gjerast? Kvifor må det gjerast? Og korleis kan det løysast?
Innleveringsfrist: 1. juni 2025
Aldersgrense: Under 26 år
Målform: Nynorsk
Innsending: skrivekonkurranse@framtida.no eller via Framtida sin debattportal
Premie: Vinnaren får 2000 kroner og publisering i Framtida.no, Putsj og på nettsidene til ForUM. Finalistane som får heidarleg omtale av juryen får premiepakke i posten.
Konkurransereglar: Medlemmar i sentralstyret i Natur og Ungdom, Framtida.no og ForUM sine tilsette, tidlegare tilsette og næraste familie kan ikkje delta i konkurransen.
For meir informasjon, kontakt: