Intervjuet ble laget av Framtida og publisert på Framtida.no 30. juni.
– Det var jo veldig gøy, då! Det hadde eg ikkje forventa! svarar Wessel når Framtida.no ringar ho for å fortelje at ho har vunne skrivekonkurransen «Noreg etter olja».
Konkurransen vart arrangert av Framtida.no, Natur og ungdom og ForUM (Forum for utvikling og miljø), og handla om korleis Noreg kan redde klimaet. Premien er på 2000 kroner.
- Les vinnarteksta «Steng krana – snart og smart» her!
Ikkje skrive mykje utanom skulen
Wessel fortel at ho alltid har vore oppteken av klimasaka. På seinsommaren i fjor melde ho seg inn i Grøn Ungdom.
– Det nærma seg valet i USA, og eg følte at alt var drit. Men eg tenkte at viss eg melder meg inn så gjer eg i alle fall noko, seier ho.
Bortsett frå norskfaget på skulen, og notat til debattar i Grøn Ungdom, kan 16-åringen avsløre at ho ikkje har skrive så mykje.
– Eg er veldig glad i å skrive, men eg sende inn teksten på gøy. Eg hadde ikkje trudd eg skulle vinne.
– Utan ei jord å bu på, er det ikkje vits
Juryen seier følgande om Wessel sin tekst:
Skribenten viser stor forståing og innsikt i tematikken, gode skriveferdigheiter og argumentasjon. Teksten er fagleg grundig, men også leseverdig, med kreative innslag. Vinnaren imponerer vidare med god kjeldebruk og sjølvstendig tenking.
– Uansett kva som skjer i verda, så kan vi ikkje sjå bort frå klimaet. Det er grunnleggande for alt vi gjer, seier Wessel.
Ho understrekar at klima ikkje berre er enda ei sak.
– Viss vi ikkje har ei jord å bu på, så er det ikkje vits med så mykje anna, eigentleg.
– Synest du det er nok fokus på klima og miljø om dagen?
– Nei. Eg synest det er skikkeleg teit at media skriv at unge ikkje bryr seg om klima og miljø lenger, for det er ikkje sant.
Erlend Mørch og låvefest
For å lære om samfunnet er Wessel glad i å høyre på podkastar. Spesielt Erlend Mørch.
– Han seier veldig gjennomtenkte ting, og ser på verda med eit interessant blikk, seier ho.
Ved sidan av å høyre på podkastar i sommar, skal ho arrangere ein låvefest for venane sine. Då kjem pengepremien frå skrivekonkurransen godt med:
– Kanskje eg skal kjøpe inn noko ekstra god mat til venane mine på den festen, avsluttar ho.