Dette er vinnarteksta i skrivekonkurransen «Noreg etter olja». Teksten ble publisert på Framtida.no 30. juni.
Norsk olje har vore eit eventyr for oss her oppe i det kalde, litle landet vårt. Utan den hadde vi kanskje ikkje hatt den vedunderlege velferdsstaten vi har i dag. Men no er det på tide og ta av seg skylappane og sjå på realiteten.
Verda er på veg bort frå olje, og vi må rette fokuset på det som kjem til å bli framtida: grøn energi.
To tredelar av norsk olje og gass sel vi til EUs eigne indre marknad. Noreg er ein stabil eksportør som EU stoler på.
For nokre år sida gjekk EU ut og sa at det blir kontraktslutt mellom dei og Noreg i 2050. Dette er fordi EU skal vere klimanøytrale innan den tid.
EU er utruleg gode når det kjem til klimamålsetningar og har oppnådd alle måla dei nokosinne har sett seg innanfor klima og miljø. Eg synest det er uforståeleg at det ikkje ringjer i alarmklokker hos Terje Aasland, når vår desidert største importør seier dei ikkje vil ha meir om 25 år. Han og resten av regjeringa kastar rundt seg med leitelisensar som om det er ein sjølvfølge at Noreg skal produsere olje til eg sit å gamleheim.
Når vi mistar vår største kunde om 25 år, har ikkje Noreg gode argument å kome med til nye kundar når dei skal forklare kvifor norsk olje er betre enn Midtausten sitt svarte gull.
Organisasjonen Det Norske Veritas forventar at norske oljeprisar kjem til å stige, og samtidig er blant anna Saudi-Arabia minst like frampå som oss når det kjem til å gjere sjølve produksjonen karbonnøytral. Viss vi ikkje omstiller oss, kjem vi til å bli tatt i forkjøpet i den internasjonale marknaden.
Så nei, eg meiner ikkje at vi skal fase ut olja berre fordi eg er oppteken av klima, eg meiner det også på grunn av det reint økonomiske perspektivet i saka. Eg meiner det fordi viss vi skal «drill, baby, drill» i 100 år til, er eg redd Noreg kjem til å likna ein forlaten bensinstasjon.
Eit spørsmål som naturlegvis dukkar opp når ein snakkar om å fase ut olje er kva som skal erstatte han og kva som skal skje med alle arbeidarane innanfor oljenæringa i dag. Til det har eg eit enkelt svar: grøn næring.
I verda i dag investerer ein dobbelt så mykje innanfor fornybar energi, som i fossilt. Kvar dag installerer Tyskland 14 gongar så mykje solceller som det Noreg har gjort på 30 år.
Det er heilt tydeleg at Noreg heng bak i det grøne skiftet, og det er ikkje så rart når regjeringa tar på seg skylappane kvar gong ordet klima kjem opp.
Dei klokaste, flinkaste på ingeniørskulen blir dytta inn i oljenæringa, og 10 prosent av den private sysselsettinga i 2023 var knytt til olja. Det er ikkje rart vi her i Noreg ikkje har fått vårt eige gründereventyr som Sveriges Spotify og IKEA, når regjeringa er så oljedopa som ho er i dag.
For at den norske velferdsstaten skal bevarast, er vi avhengige av å flytte mykje ressursar, folk og subsidiar over på grøne næringar som vindindustri, solenergi og havvind. For og gjere dette er vi nøydd til å subsidiere, likeins som vi gjorde med olja.
Du trur det kanskje ikkje, men vi subsidierer framleis olja i dag.
Det å flytte det norske søkelyset frå oljenæringa og over til grøn næring vil også gjere oss meir robuste for eventuelle dramatiske endringar i verda. Verda i dag er svært ustabil, med ein tulling utan hemningar i førarsetet på verdas største økonomi. I Noreg i dag, har vi lagt alle egga våre i ei korg. Når vi fasar ut olja til fordel for ei grøn næring, må vi ha fleire bein og stå på om noko skulle skje.
Sist, men ikkje minst meiner eg vi må fase ut olja på grunn av den kjære jordkloden vår.
Som eit av verdas rikaste land har vi eit ansvar for å rydde opp etter oss sjølve. Det er vi som et, drikk, konsumerer og kjøper mest, og da er det vårt ansvar å passe på at det ikkje går utover dei andre vi deler jorda vår med.
Mine framtidige barn kjem til å leve på ein rimeleg annleis klode viss vi ikkje gjer noko snart. Og no har Noreg den perfekte moglegheita for å trå fram og vise resten av verda at ja, det går an!
Stans krana – snart og smart!